tirsdag 17. juni 2014

Vi rundar tre månader på hotell

Bading! Fast kvar helg, då kan heile familien kose seg i vatnet. (Eller; mor kan få sove frampå medan far og barn går opp i bassenget, der mor melder sin ankomst litt seinare).

For tida er vi på utkikk etter leiligheit, då den vi skulle ha måtte kansellarast.
Etter omtrent fire veker med kontraktskriving (not in our hands), fekk vi beskjed om at den skulle være klar om nokre dagar, og like etterpå høyrde vi noko om at blokka kanskje var bygd på ustabil grunn.
Jan Erik kjenner ein som bur der, og blei fortald at for nokre år sidan var det eit firma involvert som skulle undersøke grunnen, og om dei fant noko skulle dei betale ut millionerstatningar til dei som budde der. Det blei aldri gjort nokon offisielle undersøkingar, og ingen veit noko som helst.
Vi turde sjølvsagt ikkje ta sjansen på å bu i 30. etasje (eller kva som helst etasje) i ei blokk med ei sånn uvisse knytta til seg.

Då var det berre å starte prosessen på nytt, leite opp fleire leiligheiter.
To dagar på rad blei visningar avlyst (idèt visninga skulle funne stad) fordi dei ikkje finn nøklane til leiligheita. Tilfeldig, eller berre Brasil? Ein kan jo begynne å lure, for alt vi gjer her er ganske gjennomgåande tregt, usystematisk og uforutsigbart.

Vi var og såg på ei nydeleg leiligheit som hadde stor veranda med grill, masse plass og topp beliggenheit. Den hadde derimot verken dusj, taklys eller kjøkken installert (heilt ny), og vi måtte innsjå at prosessen med å få alt slikt istand ville blitt alt for dyr og langdryg.

Nøklane til den eine leiligheita vart funne, og eg drog på enda ein visning.
Vi fekk ikkje leiligheita, då eigar ikkje vil leige ut kortare enn 1 år. Denne oppgåva med å finne leiligheit begynner å tære på både humør og energi.

Heldigvis kan vi stort sett glede oss over kvardagen, og nokre dagar er mier innhaldsrike enn andre. På onsdag bestilte eg bil til meg og Victoria for første gong, og 40 minutt for seint ankom endeleg vår heilt eigen bil med privatsjåfør. Vi handla på daglegvarebutikken, eg handla så mykje at han som pakka varene i posar la dei oppi ei vogn og trilla dei heilt ut til bilen. Mennene lessa varene inn i bilen, og eg kjende at dette var tida for å senke skuldrane og ta imot service frå dei som jobbar i serviceyrket. Vi køyrde til Mangal das Garcas for å ete lunsj, på ein eksklusiv buffétrestaurant. Etter å ha smakt på Filhote i Pasjonsfruktsaus, forsynte eg meg med nøyaktig det samme ein gong til, og åt til bukselinningen vart for trong.
Victoria kosa seg med pasta, reker, fisk og ris, og etterpå drakk ho te og spiste medbrakt "kake".

Vetla kosa seg med plastkoppen og plastkaka si, det fungerte utmerka som underhaldning medan eg åt min andre porsjon med Filhote (lokal fisk).
Det var rart å være åleine med Victoria på restaurant, men ho oppførte seg eksemplarisk. Vi stengde verda ute og kosa oss i vårt eige selskap. 

Munnskyll med små plastbeger - genialt.

Vi gjekk ein liten tur i parken òg. Victoria elskar å vandre i parken medan ho entusiastisk peikar på fuglane (og iguana'ane som låg på graset), prøver å gå bort til dei og forfjamsa ser dei fly avgårde.

Torsdag gjekk i tur i Batista Campos-parken, og sidan det var åpningsdagen for VM var det gateselgarar overalt, med alt mogleg av Brasil-effekter.
Eg prøvde å ta ut pengar, og på det fjerde forsøket i minibank nr. 2 fekk eg endeleg tatt ut pengar på kredittkortet til Greven. Ganske frustrerande når ein ikkje kan rekne med sitt eige bankkort eingong, for her fungerer det kanskje, kanskje ikkje.

Vi stoppa på fortauet ved parken og kjøpte ei kokosnøtt. Victoria spiste kjeks, drakk kokosnøtt-vatn og las i boka si.
Ein mann kom forbi med ein hund, stoppa opp, og signaliserte at han ville ha ei kokosnøtt. Han satte seg ned, begynte å prate til oss, men prata så lavt at det var umogleg å prøve å tolke portugisisken hans. Eg sa ifra at eg ikkje forsto. Då reiste han seg og gjekk; akkurat i dèt selgaren kjem med den ny-åpna kokosnøtta. Eg prøvde å betale for kokosnøtta til "den rare mannen", men selgaren skjønte ikkje kva eg meinte. Det var gjerne berre eg som oppfatta bomkjøpet som mi skuld, så eg lot det fare og betalte for mi eiga kokosnøtt.

Vetla tulla og dansa på fortauet på veg heim. Vi kjøpte to DVD'ar av ein gateselgar, berre 6 kr. per stk. Svampebob og Frozen. På portugisisk.

Denne torsdagen, 12.06.2014, var det Valentines Day i Brasil, så Jan Erik var sjølvsagt opptatt med å oppvarte meg heile dagen. 
Neida, han kom nok frå jobb klokka 16.00 (i god tid til Brasil sin fotballkamp, for i Brasil får "alle" fri under landskampane), og såg sjølvsagt åpningskampen i VM.
Likvel hadde han med seg Valentine-konfekt til dama si, noko som falt i meget god jord på heimebane. Ein slik gest er ekstremt virkningsfull for menn som vil sjå fotball.

Gave fra Greven på den brasilianske Valentines Day'en.

Vetal og papsen ser fotballkamp og spiser plast-kake. Victoria fekk seg Brasil-trøye tidlegare på dagen, då vi var ute og gjekk, medan Greven hadde fått Brasil/Hydro-trøye på jobb.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar